10. mai
kl.
12:00

Jazz & Lunsj med Baker Hansen

Om arrangementet

Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål?

Baker Hansen leiter etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte. Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.

Når språket er vårt eige, får musikken høve til å komme nærare på lyttaren - og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.

Det nye albumet «Ein song som liknar oss» kom i 2024 med heilt nye gjendiktingar av klassikarar som “Autumn Leaves” (tekst av Sylfest Lomheim), “The Night We Called It A Day” og “Do It The Hard Way”. Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album; Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet rundt på fleire hundre konsertar sidan 2010.

“Har hele den vakre, melodiske,melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne” - Tor Hammerø, Side2

“Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis” - Audun Vinger, D2

“Ein sikker scenesuksess” - Roald Helgheim, Dagsavisen 

Spillested
Hamar Kulturhus
Klokkeslett og dato
10. mai
kl
12:00
Billettpris
450
kr
Kjøp billetter
Lytt
på Spotify